fredag 30. mars 2007

Tidsnok


Dagen i dag er dagen
du har til å gjere nokon glad
Rydd seinare
Vask seinare

Timen no er timen
du har til å gjere noko godt
Støvsug seinare
Tørk støv seinare

Kvarteret no er kvarteret
du har til å gjere noko verdifullt
Vask doen seinare
Vask dusjen seinare

Minuttet no er minuttet
du har til å redde eit menneske
Vask klede seinare
Ta oppvask seinare

Sekundet no er sekundet
det tek å sende eit smil
Det andre kan vente
’Seinare’ kjem tidsnok

Ingen kommentarer: