torsdag 14. desember 2006

Englar i snøen



Englar i snøen, men ingen spor. Mild berøring, utan ord.
Perfekte tonar gjer villdyret tam. Sval musikk, utan skam.
All verdas ord, men ingen tekst. Gryande spiring, mykje vekst.

Ei verd så fantastisk, går det an? Skal tru om ho er sann?

Lèt det berre komme no, det som kjem,
for eg har funne min beste ven.
Mi høgre hand, det beste av meg,

er deg, min elskede!

Fotspor i sanden vert viska bort. Alt er sagt no, alt er gjort.
Kor skal me no, kor går me hen? Umulig å gå tilbake igjen.
Alt som høyrast, er svak musikk, etter det siste, isande stikk.

Det skjøre og vakre blir så lett knust. No er det sprokke, lagt i grus.

Lèt det berre komme no, det som kjem,
for eg har funne min beste ven.
Mi høgre hand, det beste av meg,

er deg, min elskede! Det var alltid deg.

Gledas lys er lite, det er nær ved å døy ut.
Men eg skal komme att og eg skal kalle deg mi brud.
Lèt dei berre seie alt det som dei sa,
for eg veit at me kan gjere dette bra.
Så lèt det berre komme,
alt det meiningslause, tomme,

for i mørket ligg det skjulte skattar

Lèt det berre komme no, det som kjem,
for eg har funne min beste ven.
Mi høgre hand, det beste av meg,

er deg, min elskede. Det er deg.


Ingen kommentarer: